
I februar 2020 ramma det dødelege koronaviruset Europa for fullt. To år seinare, i februar 2022, invaderte Russland nabolandet Ukraina – ei hending som førte til ufattelege lidingar for både sivile og soldatar. På berre to år opplevde Europa dei største krisene sidan andre verdskrigen. Hausten 2025 er pandemien over, men krigen i Ukraina held fram. Millionar av menneske er døde av sjukdom og vald. Nordfjordingen Roger Sevrin Bruland (f. 1977) var kanskje den norske journalisten som kom aller tettast på desse lidingane. Som Europa- korrespondent for NRK med base i Berlin rapporterte han frå frontlinjene i krisene: frå overfylte sjukehus nord i Italia under pandemien, til den blodige fronten i Ukraina. Den brutale røyndomen blei formidla rett inn i norske heimar – usminka og nær. I samarbeid med Bold Books skrive boka Team Berlin. Her skildra han møta sine med menneske, både med og utan makt, på reiser i eit Europa i unntakstilstand. Han fortel også om korleis han bygde eit lag som sette spor etter seg og leverte nyheiter i verdsklasse. Vi får også vere med på spennande sidespor til mellom anna Balkan, Thailand og Nordfjord.

I februar 2020 ramma det dødelege koronaviruset Europa for fullt. To år seinare, i februar 2022, invaderte Russland nabolandet Ukraina. Som Europa- korrespondent for NRK med base i Berlin rapporterte Roger Sevrin Bruland frå frontlinjene i krisene